Mange kjenner sakprosaen hans, andre ikkje. Forfattaren av den populære fantasy-serien "Legenden om Narnia" var også ein skrarpskodd intellektuell som skrev ei rekkje bøker om litteratur, filosofi og kristendom. Ikkje minst skreiv han fleire apologetiske, altså trusforsvarande, bøker. Boka som gjerne blir rekna som det populærteologiske hovudverket, "Mirakler", er nyleg gitt ut på norsk, med føreord av teologen Oskar Skarsaune. Andre titler i klassikarserien med Lewis-bøker er "Djevelen dypper penngen", "En sorg som min", "Den store skilsmissen" og "Se det i øynene". Den sistnemnte (på engelsk: "Mere Christianity") er kanskje den aller største klassikaren, ei bok som har inspirert menneske over heile verda. Også i Noreg har C.S. Lewis ein "fanklubb", ikkjen minst blant intellektuelle kristne.
- Fanklubben til C.S Lewis fell også i stor grad saman med fanklubben til J.R.R Tolkien. Der er det betydelig overlapping, seier Skarsaune til Vårt Land.
Lewis og Tolkien var en del av den same litterære klubben i Oxford - The inklings. Ein nattleg samtale med Tolkien var viktig for at Lewis skifta standpunkt frå ateisme til kristen tru. Han innsåg at argumenta han hadde brukt for ateismen, like gjerne kunne brukast som eit argument for at det finst ein Gud. Då Lewis begynte å skrive trusforsvarandre bøker, kunne han vere ganske skarp og morosam, med mange overraskande vendingar der han nettopp snur eit argument på hovudet.
- "Mirakler" er både original og sjølvstendig tenkt. Eg vurderer henne som den beste og mest innhaldsrike apologetiske boka i C.S. Lewis' forfatterskap, seier Skarsaune.
(Utdraget av en artikkelen ibokbilaget "Varme boller", Vårt Land 17. november 2011)