Søk

bilde

Enkelt, vakkert, vektig

Drøymer vi ikkje alle om å leve enklare? Dyrke grønsakene våre sjølve og kvitte oss med alskens opplagra gammalt skrot? Kunstnaren Barbro Raen Thomassen er blant dei som har gjort alvor av draumen. I boka "Som liljene på marken. Om å leve enklere" deler ho av erfaringane sine, både når det gjeld hagebruk, husbygging, fugletitting og kvardagsfi losofi .

Dels kunstbok, dels hagebok, dels oppbyggingslitteratur – Raen Thomassen plusser sjølv på kategoriane «bekjennelsesskrift» og «miljø-opprop»: Forfattaren er aldri redd for å ta steget utanfor sjangerbåsane. Det gjer "Som liljene på marken" tilbakelent og fri, til eit rom å puste i.

Sober design
Aller først må nemnast det lekre visuelle uttrykket; Raen Thomassen er jo visuell kunstnar. Aud Gloppen i Blæst design er kanskje den beste bokdesigneren i Noreg, noko som også kjem denne boka til gode. Store bilete, rikeleg med luft, roleg tekstspegel, alt er sobert, både enkelt og mykjeseiande. Boka har dessutan jordfarga leseband, ein detalj som gjer det både enkelt og freistande å ha boka liggande framme over lengre tid. Alt må ikkje slukast på ein gong.

For det er inga slukebok, dette. Tempoet er lågt, nesten meditativt. Såleis kan boka opna med ein omstikkar til småfuglane og deira ve og vel. Heilt i pakt med det første av dei mange flotte inngangssitata, før kvart kapittel, i boka: Per Lägerkvists «Att sysla med små ting på ett stort sett».

Viktig fellesskap
Raen Thomassen stør seg i stor grad på andre når ho faldar ut sin kvardagsfilosofi . Det gjer ikkje boka svakare. Tvert om gjer forfattaren eit poeng av det gode ved å lære av andre. Dette blir ekstra sterkt i kapittelet om dei utviklingshemma venene hennar i Tro&Lys-fellesskapet: «Ved å være med i Tro&Lys, har jeg lært mer om meg selv enn noe annet sted. Rollene byttes om. Mine såkalte utviklingshemmede venner blir mine læremestre. Deres totale ærlighet, uten forestillelse, viser meg at jeg ikke er like ærlig. Vi har alle våre utviklingshemminger, bare at noens utviklingshemminger er mindre synlige enn andres.» (...)

Boka er full av slike viktige livsinnsikter
Barbro Raen Thomassen skriv om takksemd, ho skriv om bekymring, om brødarbeid som motvekt mot klasseskilje, om næringsinnhaldet i økologiske grønsaker. Det jordnære, i fleire aspekt av ordet, vert lyfta fram. «Guds hjerte er grønt,» sa Hildegard av Bingen. Og eit av dei sterkaste bileta på Guds rike er sennepsfrøet. For Raen Thomassen er frøet viktig både i livet, i kunsten og i kjøkkenhagen. Det økologiske og det økumeniske går på sett og vis hand i hand. Og kunsten kjem når jordsmonnet har lagt til rette. Sjølv, må eg innrømme, har eg ikkje styrken min i kjøkkenhagen. Men kanskje enno er det tid? Nokre nye frø er iallfall sådd i meg etter å ha lese "Som liljene på marken". Barbro Raen Thomassen har skrive ei enkel, vakker og vektig bok.

Omtalen er hentet fra Vårt Land, onsdag 30. november 2011, og skrevet av Alf Kjetil Walgermo.